Kirsti S, Kirsti H og Randi var på fottur 16.mai. Turen gjekk i Kaldfjorden. Vi starta ved kyrkja og gjekk til vegs ende og litt til, det siste stykket gjekk vi over snø, men da vi såg ein snøscooter som stod på bar mark snudde vi.
Det var lett overskya og "silt sol", temperaturen var god og vind var det så lite av at det ikkje er verdt å nemne, med andre ord ein skikkeleg vårtur. Vi såg at snøen hadde trekt seg tilbake langt oppover i bakkane, det var byrja bli grønt enkelte stader, fleire små elvar / bekkar sildra og rann mot havet, vi høyrde fuglekvitter, såg både blåveis og kvitveis og mykje anna som vitna om at vi går ein ny vår i møte! Ein flott tur med andre ord.
20120516_195726.jpg20120516_202039.jpg20120516_203409.jpg20120516_195512.jpg

Ingen kommentarer: