Logg 03102012
Tur: Tønsnesvarden
Trimmingser: Sidsel Aa, Merethe, Monica, Vibeke, Kirsti H, Torhild, Mona, Helle og Elisabet (9 stk)
Oppmøte: Parkeringsplassen ved garasjen
Vær: Ein deilig haustkveld med bitte litt yr i byrjnga så opphald, 5-7 grader
Føre: Tørt nok
Tidsbruk: Litt over 1,5 timer
Loggfører: Elisabet

Kommentar:
På parkeringsplassen møtte me ei Trimmingsdame Toril B og venninne Nina(?) som hadde gjort seg ferdig med turen i dagsljos.
Ni damer sette i veg i skumringstimane, d.v.s. ni etter at også Mona hadde tatt følget igjen- hun hadde tatt en ekstrasving før start. Nokon av oss hadde høgt turtall pga mykje stress på jobb og gjekk difor litt for fort i periodar. Men strenge medtrimmingsar syrga for at desse roa seg og beordra pauser med jamne mellomrom. På toppen hadde me fin utsikt mot ein opplyst by som spegla seg i det stille sundet. Først på tur ned var stresset heilt borte pga nok ein deilig kveldstur med Trimmings, og turtallet gjekk heilt ned att. Det er ikkje tvil om at Trimmings er viktig for kropp og sjel, og at ein kan oppleve øyeblikk av lykke på slike turar.
Og me ynskje Torhild god tur på sin første tur til Palestina

Ingen kommentarer: