Logg 15.08.2018
Tur: Sollidalsaksla
Trimmingser: Guri, Marte med Milo, Bente, Lillian, Synøve, Anne, Elisabet og gjestene Siri, Nina som ikkje er gjester lenger, men får fast utkalling framover
Oppmøte: Ostesteinen
Vær: Mykje sol
Føre: Tørt
Tidsbruk: 3 ½ time
Loggfører: Elisabet

Det gjekk fort oppover lia – altfor fort for dei fleste av oss. Siri gjekk først og hadde eit sjokkerande tempo. Men då ho oppdaga at ingen svara bak ho lenger (flokken var lenger nede i skogen), roa ho fint ned. Så gjekk me vidare i vanleg godt Trimmingstempo der det skal vera mogeleg å prate medan me går. Det er berre. Elles finns det berre superlativ om denne thuren; vakkert vær, vakker dal, vakker topp med herleg utsikt og turen nedover gjekk me i ein deilig solnedgang! Som Torhild brukar å seie: «Det kan ikkje bli betre»













Ingen kommentarer: