Tur: Gammelvegen Tromsdalen 01.12.21

Trimmingser: Johanne, Kari, nykommar Ruth og Elisabet  (4 stk)

Oppmøte: Pyramiden

Vær: Friske snøbyger

Føre: Kjekt og greit

Tidsbruk: 1,75 timer

Loggfører: Elisabet 


Først trudde eg at eg vart åleine, så melde nykommar Ruth at ho var klar til å teste ut onsdagsthur, deretter melde Johanne seg. Då var jo thuren berga denne gongen og! I tillegg fann me jo Kari på parkeringa v Pyramiden! Ho hadde då byrja å lure på om ho endå ein gong skulle ta singelthur.

Johanne og Kari danna fortroppen og kom seg til Ostesteinen. Ruth og loggførar la opp til ein litt kortare thur. Nybyrjar Ruth oppdaga på returen at me likevel hadde gått ganske langt. Då me kunne anslå turen t/r retur til Ostesteinen og Ruth forstod at ho muligens hadde gått 8 km på ein vanleg onsdagskveld i snøbyger var ho meir enn fornøgd..rett og slett litt imponert over oss og seg sjøl.




Ingen kommentarer: